Alle dei seks avdelingane i Furuli barnehage markerte barnehagedagen. Her sorterer borna bos.
Borna i Furuli barnehage lærer om gjenbruk. Dette blir eit nytt bord.
Ein kylling laga av yoghurtbeger i Furuli barnehage.
Viktig med tidleg innsats og innarbeiding av gode rutinar. I Furuli vil dei ha søkelys på temaet frå barnehagedagen i tida framover.
Målet for Kyrkjebakken barnehage i denne perioden er å ta vare på kloden vår, og gjera det dei kan for at den skal vera ein god stad å vera.
Kyrkjebakken barnehage framførte song og ringdans for dei frammøtte utanfor Dalavegen 2 på barnehagedagen.
Ida Solheim (31) overraska med ei miljøvenleg gåve til gamle kjende under årets barnehagedag. Ho har samla flasker på campus og panta. Ida har både gått i Kyrkjebakken barnehage og jobba der tidlegare.
Dei eldste borna i Kyrkjebakken barnehage har grave ned ulike gjenstandar for å sjå korleis dei vert nedbrotne over tid. Borna i barnehagen har også levert inn gamle batteri, panta, sortert bos og plukka bos.
Notsete barnehage har skog med hjort, rev, hare og ørn tett på, og dei er opptekne av næringsnett og økologi. På barnehagedagen lærde 1-2 åringane om bossortering.
Bruk av digitalt mikroskop og iPad i skogen ved Notsete barnehage. Oppdraget for kloden: finna dyra som er i næringskjeda.
2-åringane i Notsete barnehage plukka bos. Dei hengde opp alt boset på veggen, i magen på ein fisk.
Små sporehus blir store når borna i Notsete barnehage ser på dei i mikroskopet.
Fosshagen utdanningsbarnehage laga utstillinga ved kommunehuset i Sogndal på barnehagedagen.
I utstillinga var det blomar og fotspora til alle borna i Fosshagen.
Frå utstillinga til Fosshagen utdanningsbarnehage.
I samband med årets barnehagedag 9. mars startar Fosshagen utdanningsbarnehage eit arbeid med artsmangfald og det som spirer og gror. Dei ynskjer å laga eit insektsvennleg miljø rundt barnehagen. Dette skal dei få hjelp til frå naturfagsmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet.